Dialektord:Om

Frå Dialektord
Versjonen frå 24. desember 2019 kl. 12:55 av Oyvstr (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<h2>Velkomen til dialekt.kvam.no</h2> dialekt.kvam.no er ei oversikt over dialektord frå Kvam. Nettsida er laga av [https://www.kvam.no/ Kvam herad], som ein del av heradet…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Velkomen til dialekt.kvam.no

dialekt.kvam.no er ei oversikt over dialektord frå Kvam. Nettsida er laga av Kvam herad, som ein del av heradet sitt arbeid med kulturminneplanen for 2017 til 2027.

I denne heiter det mellom anna:

Ord og uttrykk er ein del av den immaterielle kulturen. Dialekten i Kvam er interessant, og kan ha ulikt preg frå grend til grend. Frå gamalt hadde Strandebarm og Mundheim, dels òg Tørvikbygd, mykje felles med sunnhordalandsdialekten. Folk i «gamle Kvam» snakka meir likt indre Hardanger. Indre Ålvik fekk ein særeigen dialekt med bokmålstrekk, som ei følgje av den store tilflyttinga som kom med industrireisinga. Framleis har dialektane med seg noko av desse ulike prega, samstundes som dei utviklar seg vidare, til dømes med innslag av engelsk.

Som mange stader, er ein del eldre lokale ord og uttrykk i ferd med å forsvinna. Det kan gje dialektane eit tap av nyansar og presisjonsnivå. Me kan òg registrera tap av konkrete ord og uttrykk som kan ha ein ekstra verdi, på liknande vis som andre kulturminne. Det er viktig kulturminnearbeid å dokumentera det som har gått ut av bruk, eller er i ferd med å gjera det. Men òg på dette området kan ein tenkja vern gjennom bruk, og gjera tiltak for at ord og uttrykk skal leva vidare gjennom daglegtale og skrift.

Førebels er dialekt.kvam.no berre ein baby, og orda som er lagt inn så langt kjem frå «gamle Kvam». Dei er samla saman av Marie Skutlaberg, med utgangspunkt i ulike skriftlege og muntlege kjelder, og som også har spela inn lyddøme for mange av orda. Etterkvart er målet at sida også skal innehalda dialektord frå andre delar av heradet. Kvam mållag har også bidrege.

Ynskjer du å bidra? Denne nettsida er laga med MediaWiki, ei publiseringsløysing tilsvarande den som vert nytta på til dømes Wikipedia. I den noverande fasa er det likevel berre administratorar som har tilgang til å redigera på nettsida. Dersom du ynskjer å bidra er du velkomen til å kontakta Marie Skutlaberg (epost) eller informasjonsrådgjevar i Kvam herad, Øyvind Strømmen (epost).