Hovudside

Frå Dialektord
Gå til: navigering, søk


Velkomen til dialekt.kvam.no

dialekt.kvam.no er ei oversikt over dialektord frå Kvam. Nettsida er laga av Kvam herad, som ein del av heradet sitt arbeid med kulturminneplanen for 2017 til 2027.

I denne heiter det mellom anna:

Ord og uttrykk er ein del av den immaterielle kulturen. Dialekten i Kvam er interessant, og kan ha ulikt preg frå grend til grend. Frå gamalt hadde Strandebarm og Mundheim, dels òg Tørvikbygd, mykje felles med sunnhordalandsdialekten. Folk i «gamle Kvam» snakka meir likt indre Hardanger. Indre Ålvik fekk ein særeigen dialekt med bokmålstrekk, som ei følgje av den store tilflyttinga som kom med industrireisinga. Framleis har dialektane med seg noko av desse ulike prega, samstundes som dei utviklar seg vidare, til dømes med innslag av engelsk.

Som mange stader, er ein del eldre lokale ord og uttrykk i ferd med å forsvinna. Det kan gje dialektane eit tap av nyansar og presisjonsnivå. Me kan òg registrera tap av konkrete ord og uttrykk som kan ha ein ekstra verdi, på liknande vis som andre kulturminne. Det er viktig kulturminnearbeid å dokumentera det som har gått ut av bruk, eller er i ferd med å gjera det. Men òg på dette området kan ein tenkja vern gjennom bruk, og gjera tiltak for at ord og uttrykk skal leva vidare gjennom daglegtale og skrift.

Førebels er dialekt.kvam.no berre ein baby, og orda som er lagt inn så langt kjem frå «gamle Kvam». Dei er samla saman av Marie E. Skutlaberg, med utgangspunkt i ulike skriftlege og muntlege kjelder, og som også har spela inn lyddøme for mange av orda. Etterkvart er målet at sida også skal innehalda dialektord frå andre delar av heradet, i samarbeid mellom Kvam herad, Kvam mållag og friviljuge krefter.

Ynskjer du å bidra? Denne nettsida er laga med MediaWiki, ei publiseringsløysing tilsvarande den som vert nytta på til dømes Wikipedia. I den noverande fasa er det likevel berre administratorar som har tilgang til å redigera på nettsida. Dersom du ynskjer å bidra er du velkomen til å kontakta Marie Skutlaberg (epost) eller informasjonsrådgjevar i Kvam herad, Øyvind Strømmen (epost).

Meir om dialekta i Kvam

Ei av kjeldene til denne digitale ordsamlinga er Gamle ord og vendingar frå Kvam, som vart gjeve ut av Kvam kulturminnelag i 1993. Ei oppdatert utgåve kom i 1995. Båe utgåvene er tilgjengelege i digital form via nettsidene til Nasjonalbiblioteket:

Målet for utgjevingane var å "samla så mange ord og uttrykk som råd av dei som står i fare for å gå i gløymsla, og å gjera desse lettast mogeleg tilgjengelege for folk flest. Dei fleste orda i fyrsteutgåva var nedskrivne av Hjørdis O. Bjørke, og i tillegg bidrog Oddmund L. Soldal, Olav M. Laupsa, Torstein Nes og Olav Tveiten med ei rekkje ord. Til andreutgåva vart nytt materiale sendt inn av Tordis Norheim, Jonas Botnen, Kjetil Laupsa og Anna Botnen Lothe.

Andreutgåva inneheldt også ei kort innføring om Kvammamålet, med utgangspunkt i Botolv Helleland sin artikkel "Litt om kvammamålet", publisert i Kvam mållag sitt jubileumsskrift frå 1978. Der vert det peikt på fleire kjennemerke for kvammamålet. Her er utdrag, slik det er publisert i Gamle ord og vendingar:

Eit viktig kjennemerke for kvammamålet er ao-lyden. Denne lyden som kjem fra i ord som å gao, å stao, baot osb., kjem frå gamal lang a (norr. á). Ao-lyden er brukt i indre Hardanger innanfor Vikøy, Voss, Sogn, og dessutan på Møre, i Trøndelag og på Island.

Tidlegare var det berre Ullensvang som hadde skarre-r i Hardanger. Dei andre måla hadde rulle-r, og slik var det også i Kvam. Men det siste hundreåret har skarre-r breidd om seg, og rulle-r har også mista fotfestet i kvammamålet.[...] Eit anna kjennemerke for kvammamålet ser vi i "ein spake hest" og "han kjeme". På Voss heiter det "ein spaku hest" og "han kjemu" og omlag same lyden finn vi også [i] Sørfjorden. Denne vokalen vert kalla svarabhaktivokal, og er ein erstatning for ein bortfallen -r (gno. spakr, kemr).

Differensiasjon av konsonantgrupper er også viktig i kvammamålet. Vanlegast er dl frå ll, som i kadla. Dn frå rn er også vanleg (badn), og dessutan har dei dn frå nn (kidna), tl frå sl (vetle) og pt frå ft (skapt). Palatalisering av g og k er også eit målmerke i kvammamålet, slik som i hagje og bakkje.

Nokre lesarar vil nok både merka seg at kvammamålet har endra seg, og kanskje bita seg merke i det vanskelege ordet svarabhaktivokal, som faktisk kjem frå sanskrit svarabakhti.

Det er eit språkleg fenomen som går ut på at ein hjelpevokal vert putta mellom to konsonantar, for å gjera det enklare å uttala ord. Ein finn restar etter ein slik vokal i nokre dialekter på Vestlandet, på Agder og vest i Telemark, og det etter ei endring ein reknar med skjedde rundt 1300-talet. I dei tilfella der den føregåande stavinga slutta på ein konsonant kom det til ein e for å letta uttala, og seinare fall r-en vekk, slik at berre e-en står att i desse dialektene. Her har det altså vore høve for fleire generasjonar foreldre å irritera seg over korleis ungane snakka: fyrst over ein unødvendig hjelpevokal, og sidan over at hjelpevokalen vart ståande att åleine!

I artikkelen om talemålet i Kvam frå Gamle ord og vendingar vert det også peikt på fleire dialekttrekk:

  • diftongane i kvammamålet er ai (stein), oy (høyra), eu (naut) og ao (båt).
  • linne hokjønsord ender i Kvam på -o (viso), som mange stader på Vestlandet. Sterke hokjønnsord er eit meir utskiljande målmerke. I Hardanger, på Voss og i Nordhordland heiter det bygdæ og døræ, medan grannemåla nyttar døra, døri og døro.
  • i fleirtal skil kvammamålet seg frå talemålet lenger inne i Hardangerfjorden ved at fleirtals-r har falla bort (hesta, saue)
  • dei pronomena som kjenneteiknar kvammamålet er i 1. person fleirtal i objektform (oss) og som eigedomspronomen (vaor), som skil seg frå målet i Sørfjorden, der dei brukar aoko og aokoan.

Ordboka

Førebels er det lagt inn ord på bokstavane som er markert med feit skrift: A B D E F G H I J K L M N O P R S T U V Y Æ Ø Å

Kjelder

Ord og uttrykk på denne sida er basert på følgjande kjelder: